Information on how to embed this object is missing. Trying to view with a plugin in your browser. This will trigger a download dialog window if your browser lacks the required plugin.
Open Illustrasjon side 7 in separate window.
Så går dei ut og leiker.
Dei leiker i hagen.
Sola skin, og dei leiker gøymsle.
Stritt skal ha den først.
Han tel til 100 og roper:
– No kjem eg.
Han ser Krølle først.
Ein–to–tre kroner for Krølle.
Det er like før ho blir sur, men Stritt har altså sett henne.
Ho tenkjer på førre året, da Sofie vart sur og gjekk heim.
Det var berre for dumt.
Så smiler Krølle og går i gang med å telje.