Foto: © Bård Løken NN Samfoto Scanpix
Skriv eitt-to avsnitt som svar på kvar oppgåve. Sidetala refererer til tekstsamlinga.
- Kongeriget Norges Grundlov (s. 353)
Du er Ivar Aasen, og året er 1850. Er det nokon av bestemmingane i lova du kunne tenkje deg å forandre? Skriv om dei utvalde paragrafane og grunngje synet ditt.
- ”Karen” (s. 126)
Ver postføraren. I dag har du fått vite at Karen forsvann frå Krarup kro den kvelden du var innom der sist. Kva skriv du i dagboka di?
- Kransen (s. 165)
Gjenfortel det som skjer denne kvelden frå Erlend sin synsvinkel.
- ”Du må ikke sove” (s. 197)
Er diktet aktuelt i dag? Grunngje svaret ditt, gjerne med konkrete døme.
- ”Om formyndermennesket” (s. 373)
Ver eit formyndarmenneske. Skriv eit lesarinnlegg der du argumenterer mot Bjørneboe sitt syn.
- «Den kvite hesten» (s. 232)
I teksten viser Prøysen oss korleis draumar faktisk kan endre verda. Kva drøymer din generasjon om? Kva skal til for at den draumen skal bli verkeleg?
- «Sov, Dukke Lise» (s. 251)
Kva slags tema ville du ta opp viss du skulle skrive om Berit Ås sin tekst og gjere han aktuell i dag? Grunngje svaret ditt.
- «Alta/Kautokeino-elva (s. 258)
Tenk deg at du er journalist og til stades medan demonstrasjonane pågår. Lag ei nyheitssak til nettavisa der du skildrar det du ser og høyrer og den stemninga som finst der.