Blogg

Ei lita innføring i bloggen, for elevar og lærarar.
Korleis skriv eg ein bloggartikkel?

bloggbj.jpgKlikk på bloggikonet i verktøylinjalen heilt til venstre på skjermen: bloggikon.jpg

Alle har sin eigen blogg. Klikk på "Ny artikkel" og skriv inn ein kort tekst, til dømes med nokre ord om kven du er. Vel kven som skal kunne lese det du har skrive før du lagrar i lista over skrivefeltet:

  • Alle (artikkelen kan lesast av alle på heile internett)
  • Pålogga deltakarar (kan lesast av alle deltakarar i alle kurs)
  • Lokal artikkel (kan lesast av elevane som går i same klasse, med same lærar)
  • Rettleiarar/lærarar og ein sjølv (kan berre lesast av deg sjølv og læraren din)
  • Privat (kan berre lesast av deg sjølv - kan brukast for mellombels lagring eller for personlege notat)

Korleis får eg lese andre sine bloggar?

bloggliste.jpgDet aller enklaste er å klikke direkte på ein bloggartikkel i "Siste"-listene.

For å sjå bloggane til medelevane dine, kan du også velje deltakarliste under "Deltakarar" (sjå eksemplet til venstre).

Klikk på bloggikonet til den deltakaren du ønskjer. Bloggikon blir vist berre for dei som allereie har blogga.

bloggdelt.jpg

Korleis får eg lese læraren sin blogg?

Lærarane vil gjerne bruke sin eigen blogg til å gi oppgåver og til å leggje inn tips om stoff du kan lese. Du finn læreren sin blogg over "Siste"-listene.


Kan eg lage ei hurtigliste?

Ja, det er berre å velje i listeboksen "-BLOGG-", så har du liste med "dine favorittar" til seinare bruk.


Korleis skriv eg ein kommentar til ein artikkel?

Bruk kommentarfeltet under artikkelen og klikk på Send kommentar. Nye kommentarar til ein artikkel blir alltid vist øvst, like under sjølve artikkelen.

Hiv dykk utpå! Kven blir dei første storbloggarane?

Login