Mine dokument

Om notat og innleverte oppgåver

Du lagrar tre typar tekstar på nettet:

  • Innleveringsoppgåver
  • Notat som er skrivne i skrivefelt og lagra
  • Notat på "gul lapp".

Du finn ei oversikt over det du har skrive i skrivefelta slik:

  • Opne Mine dokument til venstre i skjermbiletet (mappesymbol).
  • Du får no ei oversikt over:
    Innleverte oppgåvesvar
    Mitt personlege arkiv.

Innleverte oppgåvesvar:

  • Klikk på Innleverte oppgåvesvar
  • Her ligg alt du har lagra av notat og alt du har sendt inn sortert i dei ulike leksjonane.
  • Du kan opne kvart dokument som du har sendt inn og lese kommentarar og retting frå nettlæraren din her.
  • Kommentarar kjem opp som gule felt når du fører musepeikaren nedover i teksten.
  • Notat som berre er lagra og ikkje innsendt, kan du ikkje opne her. Dei har raudt forbodsskilt. For å lese dei, må du tilbake til dokumentet der dei blei laga.

Notat på "gul lapp"

  • For å lese notat på gul lapp, må du klikke på det gule arksymbolet til høgre i skjermbiletet.
  • Klikkar du på pilen, får du ei oversikt over i kva dokument du har skrive notat til.
  • Du kan hente notata fram frå oversikta, eller frå dokumentet dei blei skrivne på.

Login