Ordbok

Ei innføring i bruk av ordbokfunksjonane i Vegen fram.

Direkte oppslag i den interne ordboka

Alle ord som er forklart i den interne ordboka er markerte med ein mørkeraud farge i teksten. Klikk på orda for å få dei vist direkte i eit lite vindauge. Prøv til dømes med dette ordet: "kalverumpe".

Oppslag i Bokmålsordboka

Dobbeltklikk på eit kva som helst ord i teksten. Du ser då at ordet blir plassert i søkjefeltet nedst i menystolpen til venstre. Dersom "Bokmålsordboka" blir vist i nedtrekkslista under "Søk i", kan du klikke på Søk-ikonet Klikk på dette ikonet nederst i menystolpen! for oppslag der.

Oppslag i andre ordbøker

Du kan også velje å slå opp i eit kva som helst anna oppslagsverk ved å klikke på det i nedtrekkslista i menystolpen til venstre Bruk denne nedtrekkslista i menystolpen til venstre for å velje oppslagsverk!. Prøv til dømes eitt av desse:

  • Caplex
  • Lexin (norsk)
  • Lexin (norsk-engelsk)
  • Lexin (norsk-tamilsk)
  • Lexin (norsk-kurdisk)
  • Lexin (norsk-somali)
  • Norsk -> engelsk
  • Norsk -> spansk

Dersom du vil ha eitt av desse (eller eit anna) som fast oppslagsverk, i staden for Bokmålsordboka, gjer du slik:

Klikk på ikonet Personleg oppsett Klikk på dette ikonet i verktøylinjalen! i verktøylinjalen heilt til venstre på skjermen og vel den ordboka du vil ha der. Klikk på OK. Du kan når som helst endre standard oppslagsverk igjen.

Oppslag i internordboka med uttale

Dersom eit ord ikkje er markert med farge i teksten, kan du i dei fleste tilfelle likevel få det opplese ved å dobbeltklikke på ordet, og deretter klikke på ordbokikonet Klikk på internordbokikonet i verktøylinjalen! øvst i verktøylinjalen heilt til venstre på skjermen. Heile 72.000 norske ord er innlesne her.

Dersom du ønskjer det, kan du også velje å ha "EdOnWeb ordbok" som permanent søkjeverktøy (sjå framgangsmåte ovanfor). Då kan du dobbeltklikke på eit ord, og slå opp der ved å klikke på søkjeikonet, som vanleg.

Vising av alle innlesne ord

ordbok03.jpgDersom du vil vere sikra mot "bomskot" dersom du vil lytte til eit bestemt ord, kan du klikke på ikonet "Vis dokumentet kontrollert mot lydboka" ordbok02.jpg i verktøylinjalen. Dette fører til at alle orda som finst i lydordboka blir markerte med raud skrift.

Funksjonen kan vere nyttig når du skal arbeide spesielt med lytte- og uttaletrening. (Ver merksam på at du kan oppleve å få litt rar formatering av sida når du brukar denne funksjonen. Dette vil bli ordna.)

Oppslag med eigne ord

Du kan også skrive inn eigne ord direkte i søkjefeltet ved hjelp av tastaturet før du klikkar på søkje-ikonet.

Søk i modulen eller dokumentet

Legg merke til at du også kan velje modulen eller sjølve dokumentet øvst i nedtrekkslista dersom du vil ha ei oversikt over kor søkjeordet er brukt.

Login