Møtepunktet

Ta kontakt med andre brukarar som er på nettstaden samtidig med deg.

Møtepunktet er eit verktøy som blir brukt for å ta kontakt med andre brukarar som nyttar nettstaden samtidig med deg.

motepunkt.jpgMøtepunktet finn du i linjalen til venstre. Talet på ikonet viser kor mange brukarar som har vore tilgjengelege på nettstaden i løpet av dei siste fem minutta. Viser ikonet talet "1", betyr det at det berre er deg sjølv som har vore inne i området dei siste fem minutta. (Du kan likevel gjerne teste verktøyet ved å sende ei melding til deg sjølv.)

topers.jpgNår du opnar Møtepunktet får du tilgang til eit enkelt skjema der du skriv meldinga di. Møtepunktet eignar seg best til korte meldingar som krev eit raskt svar. Det kan vere enkle spørsmål av typen "Hei! Veit du korleis eg får tatt ei papirutskrift av sidene?" eller meir personlege spørsmål, som "Kor langt er du komen i kurset?". Møtepunktet er veleigna for å foreslå ein tur innom snakkesida. Sjå meir informasjon om dette seinare.

Når du har skrive inn meldinga, kryssar du av ved deltakarane du vil sende meldinga til. Deretter klikkar du på "Send"-knappen og ventar til du får svar. Møtepunktet blir oppdatert automatisk kvar gong du opnar eit nytt dokument. Du kan også klikke på "Oppdater"-knappen for å sjekke om du har fått svar. Ver altså merksam på at du må gjere noko aktivt for å få vist svaret - blir du berre sitjande og vente, vil ikkje systemet kunne gi deg melding om at svaret er mottatt.

Svar på meldingar som dukkar opp på skjermen, kan du svare på direkte ved å klikke på "Svar"-knappen.

Har du behov for å skrive lengre meldingar, er det best å bruke vanleg e-post. Hugs også at Møtepunktet berre kan brukast mellom deltakarar som er pålogga samtidig. Sender du ei melding til ein deltakar som loggar seg av før du får sendt meldinga, vil vedkomande likevel motta meldinga neste gong han eller ho besøkjer nettstaden.

Login