Tren opp lesefarten din: Hurtiglesing av såkalla "høgfrekvente" ord.
Visste du at dei 15 vanlegaste orda i norsk utgjer heile 24 % av ein vanleg avistekst? - og at dei 200 vanlegaste orda utgjer nesten halvparten av orda i ein normal tekst?
Det seier seg sjølv at lesefarten vil auke kraftig når du har lært å kjenne igjen desse "høgfrekvente" orda berre ved å kaste eit blikk på dei, slik at du oppfattar dei utan å måtte "lese" dei.
Med hurtiglesingprogrammet i Vegen Vidare og Vegen fram vil du raskt merke forbetringar i måten du les på. Slik brukar du programmet:
-
Vel kor mange ord du vil trene med. Øvingskategoriane finn du i rullemenyen.
-
Juster visningstida så lågt at du så vidt klarar å lese glimta på skjermen.
-
Reguler pausetida slik at du får tid til å gjenta ordet for kontroll høgt eller inni deg.
-
Klikk på startknappen til venstre.
-
Du kan også velje å slå på kontroll-funksjonen. Du får då vist ordet igjen automatisk med raud skrift, slik at du kan kontrollere at du faktisk har lese rett.
-
Tala til høgre angir gjennomsnittstider i millisekund. Lange ord blir ståande på skjermen noko lenger enn korte ord.
Can't find object