Første gongen du opnar forumet, vil du sjå at ei rekkje innlegg er merkte med flagg som markerer innlegg du enno ikkje har lese. Det er ikkje meininga at du skal lese alle gamle innlegg. Dersom du er ny brukar, les du sjølvsagt berre dei innlegga som har interesse for deg. Det einaste innlegget du må lese for å komme vidare er det siste innlegget, dvs. det som er markert med raudt flagg.
Du får mykje informasjon ved å sjå på meldingstitlane: Sjå til dømes det første innlegget, som er skrive av Bente 01.10.02 kl. 22.34. Det er opna og lese 11 gonger, og det finst 6 innlegg i "tråden".
Når du ser at det dukkar opp eit raudt flagg framfor forum-mappa, er dette eit signal på at det er kome nytt innlegg. Det vil då vere tilstrekkeleg at du les det siste innlegget. Innlegg med oransje flagg kan du oversjå dersom du ikkje ønskjer å lese dei.
Innlegga blir ordna i "trådar". Vil du ta opp eit nytt tema, skal du starte ein ny "tråd" ved å klikke på "Nytt innlegg". Vil du svare på ein annan sitt innlegg klikkar du på innlegget, fyller ut svarfeltet og klikkar på "Send kommentaren".
Legg også merke til den vesle teksten i blått i sjølve innlegget, der det står "Vis historie". Eit klikk der gir deg ei liste over alle som har vore innom og lese innlegget, noko som kan vere nyttig når du vil vite kven som har vist interesse for ein bestemt diskusjon, og som du evt. ønskjer å ta nærare kontakt med.
Ta deg gjerne ein tur innom forumet no! Du kan lese tidlegare innlegg eller skrive ditt eige dersom det er noko du lurar på eller har lyst å kommentere!