Ein enkel måte å halde oversikt over framdrift og resultat
Framdrift
-
Du kan til ei kvar tid sjå kor langt du er komen i modulen ved å kaste eit blikk på den grøne framdriftsindikatoren øvst i menyen. Prøv også å halde musepeikaren i ro ein augneblink på søyla!
Statistikk
-
Dersom du klikkar på søyla, får du tilgang til din personlege statistikk. Klikk gjerne på søyla no! Trykk Alt+Tab for å veksle mellom statistikken og denne sida. (Hald Alt-tasten nede mens du trykkjer på Tab-tasten.)
-
På statistikksida kan du klikke på tittelen for å kome direkte til eit dokument.
-
Kolonne nummer 2 viser om du har skrive eit notat til dokumentet.
-
Under "Score (sjølvtest)" kan du sjå resultatet på sjølvtestoppgåvene. Det er sjølvsagt berre deg sjølv og nettlæraren din som kan sjå din personlege statistikk. Det er berre dei beste resultata som blir tatt vare på i statistikken. Du kan når som helst gå tilbake til ei sjølvtestøving for å forbetre resultata dine.
-
I siste kolonne blir det markert om du har sendt inn oppgåvesvaret for kommentar (der dette er mogleg).
Studieplanleggjar
-
Ved å klikke på studieplanleggjar-ikonet til høgre for framdriftssøyla, får du tilgang til studieplanleggjaren. Skriv inn når du planlegg å vere ferdig med modulen. Du får då m.a. rekna ut kor mykje du må arbeide per dag for å bli ferdig.