Du treng ikkje å opne det flaggmerkte dokumentet med det same du ser det. Flagget fortel berre kor du finn neste, ulese dokument. Dokumentet ligg og ventar til du er klar til å arbeide med det.
Kursa er lagt opp slik at du alltid kan gå vidare dersom du ønskjer det. Det er likevel ikkje meininga at du skal haste av garde og gjere deg ferdig "over natta". Hugs at det alltid er betre å lære sakte og grundig enn raskt og overflatisk.
Dersom du har klikka på "Tilbake"- eller "Back"-knappen i nettlesaren din, kan det hende at du kjem til ei side utan raude flagg. Står du fast på nokon måte, kjem du vidare ved å klikke på "Refresh"- eller "Reload"-knappen på verktøylinja øvst i nettlesaren din (illustrasjonane viser knappen i Internet Explorer og Netscape):
Når du har vore gjennom alle mapper og dokument i kurset, vil du ikkje få vist fleire raude flagg. Du kan då bevege deg fritt mellom alt du har vore gjennom, for å repetere eller for å øve meir.