Aktivitetskoordinator

 

Aktivitøren kan jobbe med ulike brukargrupper. Her er eit intervju med ein aktivitør som arbeider som aktivitetskoordinator.

 

Kva brukarar jobbar du med?

På arbeidsplassen min har vi desse brukarane: Sjukeheim, barnehage, utviklingshemma, bebuarar i omsorgshusvære og brukarar som har ulike former for yrkeshemming. Vi har ti aktivitørar som jobber her.

 

Kva arbeidsoppgåver har du i løpet av veka på arbeidsplassen din?

  • Bindeleddet mellom alle dei fem einingane på huset.
  • Ansvar for planlegging og gjennomføring av dei fleste felles arrangementa.
  • Kontakt med frivillige.
  • Omvisning på huset fordi huset vårt er veldig nytt, og spesielt sidan vi har så mange brukargrupper under same tak.
  • Utleige/lån av storsalen vår.
  • Leiar av aktivitsgruppe, som består av ein tilsett eller fleire frå alle einingane som møtest ein gong i månaden.
  • Er leiar i AMG, som er felles for alle einingane.
  • Kontaktperson for ymse organisasjonar, videregåande skolar, NAV, prest, mm.
  • Har ei rolle når det gjeld sertifiseringsarbeidet for å bli ein "livsgledesjukeheim".
  • Har ansvar for brukarkontoen på sjukeheimen.
  • Delt ansvar for innkjøp av utstyr og ymse til sjukeheimen

 

Kva må du ta omsyn til når du skal planlegge aktivitetar?

  • Kva aktivitetar vi skal ha.
  • Tidspunkt og økonomi, brukarane betaler eigendeler.
  • Kor aktivitetane skal vere.
  • Kven skal delta, årstid.
  • Om det skal vere servering.
  • Om vi treng frivillige.

 

Hva arbeider du med i «kontortida»?

  • Skriv og svarer på e-post frå ulike kontaktpersonar.
  • Møter med einingsleiear, fagleiarar, frivilligsentralen, kontaktpersonar for dei som er i praksis, aktivitetsgruppa, AMG og kulturvert.
  • Betaler rekningar, fører rekneskap for bebuarane på sjukeheimen.
  • Oppfølging av dei frivillige
  • Heng opp ymse informasjon når det gjeld aktivitetane som skal vere på huset slik at alle får sjå kva som skjer.
  • Deler ansvar når det gjeld den offisielle Facebooksida til eininga.

 

Kor mykje må du planlegge framover i tid?

  • Lagar ein halvårsplan med dei aktivitetane som skal vere felles for alle på huset.
  • Sender bestilling til frivilligsentralen.

 

Hva inneber det å jobbe med budsjett og rekneskap i jobb din?

  • Å ha forståing for tal.
  • Vere strukturert.
  • Vere nøyaktig.
Spinner

Login