NYN
I aktivitøryrket må vi ha god kjennskap til alle typar materiale og kva moglegheiter dei gir oss. Aktivitøren treng å kunne variere bruken av dei ulike materiala, teknikkane og verktøyet i aktiviseringa. Vi må kjenne til eigenskapane til materiala og korleis vi behandlar og tar vare på dei. Vi må også passe på å ikkje kjøpe inn for mykje om gongen, innkjøp må skje med tanke på at trendar forandrar seg fort, og at vi får inn nye brukarar med andre behov og ønske.