Lærlingehandboka er ein opplæringslogg. Den skal først og fremst bidra til at du som lærling når måla i læreplanen, men den skal også vere eit hjelpemiddel som sikrar at du når opplæringskrava til arbeidsgivaren. I opplæringsloggen får du dokumentert opplæringa di i bedrift, og bedrifta får på si side dokumentert at opplæring er gitt i samsvar med dei faglege krava.
Hugs at det er ditt ansvar som lærling å føre loggen. Du er ansvarleg for eiga læring. Du kan føre opplæringsloggen direkte inn i nettressursen og lagre den der.
Skriv inn i opplæringsloggen etter kvart. Foto: Stockphoto4u | istockphoto.com. |