NYN
Det fine med aktivitøryrket er at vi kan jobbe med alle typar menneske som treng ei ekstra tilrettelegging i kvardagen. Vi kan arbeide med barn, vaksne og eldre, uavhengig av kva funksjonsnivå dei har. Aktivitøren kan også vere med på å gjere overgangen til norsk kultur og språk lettare for våre nye landsmenn. Uansett kor vi arbeider, så er aktivitøren sitt mål at brukarane skal få styrka sjølvkjensle og oppleve meistring.