Kapittel 7 – spørsmål og oppsummering

Oppsummering av kapitlene i boka

Kapittel 7 – spørsmål og oppsummering

Har du forstått kapittelet? Test deg selv:

  1. Forklar kva eit etisk dilemma er.
  2. Kva for historiske hendingar var viktige mellom 1905 og 1940?
  3. Forklar med dine eigne ord kva heimstaddikting er.
  4. Skriv ned stikkord du hugsar om forfattaren Olav Duun, Juvikfolke og Medmenneske.
  5. Forklar skilnadene i det Undset, Sandel og Moren Vesaas seier om kvinnerolla.
  6. På kva for måtar fekk kvinner og kvinnesak ei viktig rolle i litteratur og samfunnsdebatt i denne perioden?
  7. Forklar kort kva sentrallyrikk og kamplyrikk er.
  8. Skriv ned stikkord du hugsar om modernismen.
  9. Forklar skilnaden mellom modernismen til Kristofer Uppdal og Rolf Jacobsen, slik du hugsar den.

I et nøtteskall

Todelinga i norsk litteratur i ei tradisjonell og ei modernistisk dikting held fram på 1900-talet. I byrjinga står likevel den tradisjonelle diktinga sterkast. Mange forfattarar prøver å skildre det moderne samfunnet som veks fram, ved at dei bruker motiv og skrivemåtar frå tidlegare tider. Natur, historie og religion blir rammene for å skildre korleis menneske blir stilte overfor etiske val. Fokuseringa på det nasjonale blir styrkt etter unionsoppløysinga, samtidig som gryande kvinnefrigjering, kulturkampar og motsetnader mellom den nye arbeidarklassen og andre klassar veks fram. Litteraturen blir også farga av at fascismen er på frammarsj i Europa, og av tydelegare politiske motsetnader der. I tillegg blir norske forfattarar påverka av nye filosofiske, psykologiske og vitskaplege tankar og oppdagingar. Den modernistiske diktinga går i ei anna retning enn den tradisjonelle og prøver å skildre den moderne verda med nye verkemiddel. Eksistensielle spørsmål og forholdet mellom natur og teknologi blir tekne opp ved at diktarane bryt med vanlege forventningar til litteratur.

Spinner

Login