Har du forstått kapittelet? Test deg selv:
I et nøtteskall
Samane har budd i nordområda så lenge vi veit om, og har status som urfolk. Samisk høyrer til den finsk-ugriske språkfamilien og kan igjen delast inn i ti dialektar. Frå andre halvdel av 1800-talet og fram til tiåra etter den andre verdskrigen vart det gjennomført ein sterk fornorskingspolitikk i Sameland. Målet var å gjere samane mest mogeleg norske i språk, kultur og levesett. Konsekvensane av dette, såkalla fornorskingsskadar, kan vi sjå både på individ- og samfunnsnivå.
Viktige sider ved tradisjonell samisk kultur er duodji, joik, sjamanistisk religion og munnleg forteljekunst. Som skriftleg litteraturspråk er samisk nokså ungt. Først etter 1970 har vi opplevd ei sterk oppblomstring av den samiske litteraturen og av samisk musikk, inspirert av joiken. Den mest kjende samiske artisten i dag er Mari Boine. Nokre sentrale forfattarar er Nils-Aslak Valkeapää, Ailo Gaup og Sigbjørn Skåden.