Har du forstått kapittelet? Test deg selv:
1850–1900
1900–1960
1960 til i dag
I et nøtteskall
Sidan 1800-talet har sakprosaen vore viktig i bygginga og utviklinga av det norske samfunnet. I aviser, tidsskrift og talar har alle dei store samfunnsspørsmåla vorte presenterte og drøfta. Ikkje sjeldan har debattane ført til endringar i livet vårt, gjennom vedtak av politiske organ eller fordi det har vorte formidla nye tankar som igjen har ført til at vi endrar åtferd. Sakprosaen har hatt ei viktig rolle som arena for den demokratiske utviklinga av landet.
Men til sakprosa høyrer også alle dei store og små tekstane som informerer om møte og konsertar, om sal på butikken og om korleis du set saman ei bokhylle. Sakprosaen hjelper oss til halde kvardagane våre saman.
Sakprosa er eit samleomgrep for tekstar som fortel om verkelegheita på eit eller anna vis. Det har vorte vanleg å dele han i to hovudgrupper: litterær sakprosa og funksjonell sakprosa. Ein forfattar av sakprosa nyttar dei same verkemidla som den skjønnlitterære forfattaren, men han eller ho skriv alltid om ein røyndom som finst, som ikkje er dikta opp. I dei siste åra har vi sett stadig fleire døme på at sjangergrensene blir utfordra, mellom anna ved at oppdikta element blir tekne inn i sakprosaen.