Demens 1

Som aktivitør på ei avdeling for demente kan du oppleve situasjonar som er forklarte i oppgåvene nedanfor. Tenk på det du har lært om validering og reminisens (sidene 225 og 226 i læreboka) når du svarar på oppgåvene.

1. Ei eldre dame seier at ho vil gå heim. Ho må heim å lage middag til mannen som snart er ferdig på jobb. Korleis vil du roe henne?

Vandrende mann.jpg
Foto: ScandinavianStockPhoto, Gualtiero Boffi.

2. Ein eldre mann vandrar rundt på avdelinga fordi han ikkje finn ut kor han bur. Kva vil du seie til han?

3. Kva kan du som aktivitør gjere for at mannen i oppgåve 2 lettare skal finne rommet sitt?

4. Ei eldre dame sit og græt fordi det er så lenge sidan hun har sett mor si. Kva vil du seie eller gjere?

5. Ein eldre mann vil ikkje bli med for å dusje. Det har han nettopp gjort, sier han. Korleis vil du løyse dette?

Spinner

Login