Rytmeinstrument og rørsle

 

Oppgåve Vg2 Aktivitør

 

Fag: Aktiviseringsfag

 

Tema: Gjenbruk, musikk, dans og rytme

 

Arbeidsform: Individuell

 

Felles læringsmål

  • Leggje til rette sosiale, fysiske og kulturelle aktivitetar, tilpassa brukarane.
  • Gjere bruk av fargar og formelement for å skape bestemte uttrykk.

Oppgåvetekst

  • Vel ei brukargruppe.
  • Lag eit rytmeinstrument som kan brukast i ein fysisk aktivitet (dans, trim, rørsle).
  • Gjer bruk av materialar og gjenstandar som kan kallast søppel, og som du kan bruke om att (gjenbruk).
  • Vel fargar, dekor og materialar som harmonerer. Tenk i forhold til brukargruppa.
  • Vel ut musikk som kan nyttast i aktiviteten, og som passar til brukargruppa.
  • Lag eit kort program for rørsle/dans til musikken, der de kan bruke rytmeinstrumentet (ca. 5 min.).
  • Gjennomfør aktiviteten med klassen.
  • Hugs å setje karakteren du ønskjer før du startar jobben med oppgåva! – Kva vil du oppnå?

Rammer for oppgåva

Tid:

 

Rettleiar:

 

Hjelpemiddel:

Vurderingskriterium

I forhold til måla, sjå skjemaet nedanfor.

Eigenvurdering av arbeidet Her skal du sjølv vurdere innsatsen din og måten du har løyst oppgåva på ut frå måla.

 

 

Vurderingskriterium med kjenneteikn på nivå:

 

Vurderingskriterium Høgt nivå 5–6 Middels nivå 3–4 Lågt nivå 1–2

Leggje til rette sosiale, fysiske og kulturelle aktivitetar tilpassa brukarane

Du vel ut musikk og lagar eit oppsett på gjennomføring som er godt tilrettelagt for den brukargruppa du har valt. Du viser at du kan ta i bruk det du har lært om tilrettelegging Du vel musikk og gjennomfører i forhold til brukargruppa. Du viser noko tilrettelegging i forhold til brukargruppa. Du har valt ut musikk, men ikkje tenkt over om det passar til brukargruppa. Du viser lite kunnskap om det å leggje til rette
Gjere bruk av fargar og formelement for å skape bestemte uttrykk

Du vel ut fargar og form som passar godt til produktet ditt, og det fungerer godt i forhold til at det skal vere eit rytmeinstrument.

Du har valt fargar og form som fungerer til rytmeinstrumentet ditt. Val av fargar og form er tilfeldig. Du har ikkje tenk over om det passar i samanhengen.
Eigenvurdering av arbeidet Du reflekterer godt over arbeid ditt og har med alle punkt frå vurderingskriteria. Du grunngir vala dine og foreslår forbetringar. Du seier noko om erfaringane dine med oppgåva, men lite grunngiving for vala dine. Du fortel kort om oppgåva di, men ingen grunngivingar eller framlegg til forbetringar.

 

Den karakteren eleven ønskjer før oppgåva:

 

Eleven sin eigen karakter etter ferdig oppgåve:

 

Læraren sin karakter:

 

Spinner

Login