Viktig for aktivitøren

Aktiviserte i leiken_72 dpi.jpg

Aktivitøren skal sikre at alle blir inkluderte i fellesskapet.
Foto: fatihhoca | iStockphoto.

Aktivitøren skal ved tilrettelegging sikre at alle barn blir inkluderte i fellesskapet, enten det er i barnehagen, i SFO, i gruppearbeidet i timane eller i leiken i friminutta. Å føle seg som ein del av eit fellesskap er grunnleggande for eit godt sjølvbilde. Tenk på at aktivitetane du planlegg skal vere med på å styrke sjølvbildet og gi meistringsfølelse.

 

Søk kunnskap og samarbeid med andre yrkesgrupper rundt deg. Det er både nyttig og lærerikt. Meir omfattande aktivitetar føreset alltid at vi er fleire om gjennomføringa.

Spinner

Login