På ein sjukeheim må fysisk aktivitet ofte gjerast svært enkelt. Ha gjerne musikk i bakgrunnen. Her er nokre forslag til aktivitetar:
Ballar av stoff eller skumgummi er mjuke, og det gjer ikkje vondt dersom nokon er så uheldige å bli trefte av ballen. Badeballar og ballongar fungerer også fint til å slå på, bokse eller sparke. Vi kan kaste ballen frå person til person, eller berre sparke den mellom oss.
Erteposar. Foto: Inger Melby. |
Erteposar kan brukast til å kaste på blink. Vi kan kaste oppi ei bøtte eller prøve å treffe inni ei bøtte. Lag gjerne fleire hol i ei plate som vi kan kaste på. Set poeng på kvart hol. Vi kan også setje opp ein pyramide av tomme hermetikkboksar som vi kan kaste på.
Erteposar lagar vi enkelt ved å sy saman to firkanta bitar stoff i glade fargar. Fyller vi nokre posar med ris og nokre med erter, får vi to ulike taktile opplevingar når vi tar i posane.
Ringspel kan brukast på den vanlege måten. Bruk gjerne ringane til å kaste på blink eller som ein del av enkle bøy- og tøy-øvingar.
Rørslesongar som «Hode, skulder, kne og tå», «Han hadde hatt og sjal og paraply» eller «Napoleon med sin hær» er det mange som kan.
Sitjedans er forklar i Aktivitørens fagbok, kapittel 5. Mange har stor glede av denne måten å danse på. Det kan for eksempel vere enkel ringdans der vi sit og held kvarandre i hendene og beveger oss i takt med musikken.
Aktivitetsløype kan lagast ved at vi går tur og har ulike postar med aktivitetar langs løypa. Aktivitetar med ball, erteposar og ringspel kan gjerne vere slike postar.