Enkel julenisse av garn
 |
Foto: Eva Austad. |
Du treng
- Ein plastring
- Raudt og kvitt garn
- Saks
- Raud treperle til nase
- Blå eller brune treperler til auge
- Sytråd til å feste auge og nase, og til oppheng
Framgangsmåte
- Klipp opp garn i lengder på 20 cm. Legg garnet dobbelt. Putt løkka inn i ringen og smett endane på garnet gjennom løkka. Hald fram slik til du har fylt halve ringen.
- Gjør den same med den andre fargen.
- Kor mykje garn som går med er avhengig av storleiken på ringen og tjukna på garnet.
- På biletet er det brukt ringar med diameter 3,5 cm og 5 cm.
- Raudt garn samlar du til huve ved å knyte ein tråd rundt for å markere dusken.
- Skjegget kan du forme ved å klippe det litt kortare på kvar side.
- Bruk sytråd og fest auge og nase.
- Lag ei hempe av sytråd til oppheng.
daafa799-a423-4606-a07f-349cd6dd5f6e