Portfolio
Intertekst old
»
VG 1
»
Oppsummering av kapitlene i boka + kapittelquizer
QUIZ! – Kapittel 8 – «Språk i kontakt»
Intertekst VG1
Oppsummering av kapitlene i boka + kapittelquizer
QUIZ! – Kapittel 8 – «Språk i kontakt»
Vel rett alternativ:
Kva er eit standardtalemål?
Eit offisielt talemål som er landsdekkjande.
Ein standardisert dialekt som også kan brukast som skriftspråk.
Eit talemål som er veldig «standard» og lite kreativt.
Når fekk dialektane høgare status? Kvifor fekk dei det?
Dette skjedde på 1970-talet og hang saman med ei høgrebølgje i politikken, og arbeid for å få Noreg inn i EU og NATO.
Dette skjedde på 1970-talet og hang saman med ei venstrebølgje i politikken og arbeid for å demokratisere samfunnet.
Dette skjedde på 1980-talet og hang saman med politiske omstende på denne tida.
Nemn eit språk som bruker etymologisk skrivemåte.
Engelsk
Finsk
Norsk bokmål
Nemn eit språk som bruker ortofon skrivemåte.
Norsk bokmål
Dansk
Finsk
Forklar kva hovudformer og sideformer var.
Hovudformene var dei språklege formene som måtte brukast i lærebøker og i offentleg forvaltning. Sideformer var tilletne å bruke for alle andre.
Hovudformene var dei mest brukte formene i språket, medan sideformene var sidestilte med hovudformene, og mest brukt i lærebøker.
Hovudformene var dei minst brukte, men likevel dei viktigaste formene i språket. Sideformene var på sett og vis viktigare for folk flest.
Kvar finn ein høgtone og lågtone?
Høgtone finn ein på Austlandet, i Trøndelag og i Aust-Agder. Lågtone finn ein på Vestlandet, Nord-Noreg og i Vest-Agder.
Lågtone finn ein på Austlandet, i Trøndelag og i Aust-Agder. Lågtone finn ein på Vestlandet, Nord-Noreg og i Vest-Agder.
Høgtone finn ein i Sør-Noreg, lågtone finn ein i Nord-Noreg.
Kor plasserer ein verbalet i norske utsegner?
Verbalet har 1.-plassen i setninga.
Verbalet har 2.-plassen i setninga.
Verbalet har 3.-plassen i setninga.
Kva er samanhengen mellom
ordstilling
og det grammatiske fenomenet
kasus?
Språk som har kasus, bør ha ei fastare ordstilling enn språk som ikkje har kasus, fordi det blir oppfatta som vanskelegare å lære seg kasusspråk.
Språk som har kasus, har ei fast ordstilling, for kasusa har sin faste plass i setninga.
Språk som har kasus, kan ha ei lausare ordstilling enn språk som ikkje har kasus, fordi endingane gir signal om kva for funksjon ordet har i setninga.
Kva for restar av kasus finn vi i norsk?
I bøyinga av pronomen og i faste uttrykk med genitivs-s (til fots).
I bøyinga av preteritum og i faste uttrykk med genitivs-s (til fots).
I bøyinga av predikativ og i faste uttrykk med genitivs-s (til fots).
Kva er eit sterkt verb?
Sterke verb har inga ending i presens og preteritum. Dette gjeld både bokmål og nynorsk.
Sterke verb har inga ending i preteritum. Dette gjeld både bokmål og nynorsk.
Sterke verb har sterke endingar i presens, men svake endingar i preteritum. Dette gjeld både bokmål og nynorsk.
Kva er purisme?
Når ein prøver å unngå å ta inn framande ord i språket, kallar vi det språkleg purisme.
Når ein prøver å ta inn berre dei best eigna framande orda i språket, kallar vi det språkleg purisme.
Når ein ser på språket som noko reint og purt, kallar vi det språkleg purisme.
Kvifor har samisk ei særstilling i norsk språkpolitikk?
Samisk er svært utbreidd til minoritetsspråk å vera, og har difor eit spesielt vern. Di fleire som brukar språket, di meir blir det verna.
Samisk er kanskje det mest spennande av dei norske minoritetsspråka, sidan det er språket til eit urfolk. Difor ynskjer vi også å verne det spesielt.
Samisk er språket til eit urfolk i Noreg, og har difor spesielt vern, i tråd med internasjonale avtalar.
Kva meiner ein med maktforhold mellom språk?
I fleirspråklege samfunn vil dei ulike språka ha ulik prestisje, og slik kan det oppstå maktforhold mellom språka og brukarane av språka.
I fleirspråklege samfunn har språka ulik makt: det finst f.eks. eitt språk for dei makteslause og eitt språk for dei mektige.
I fleirspråklege samfunn har språka ulik prestisje. Språk som har mange ord som uttrykkjer makt, blir fort det mest mektige språket.
Kva er ein multietnolekt?
Ein multietnolekt er eit talemål som blir brukt av alle med multietnisk opphav.
Ein mulitetnolekt er eit talemål som låner ord og grammatiske strukturar frå fleire ulike språk, og som blir brukt av personar med ulikt etnisk opphav.
Ein multietnolekt er eit talemål der brukarane ofte gjer mange språklege feil.
På kva måte skil språket i sportsreportasjar seg frå anna journalistisk språk?
Språket i sportsreportasjar er prega av mange språklege verkemiddel, som f.eks. utprega positive eller negative ord, nylaga ord og klisjear.
Språket i sportsreportasjar er prega av ein sakleg stil, fordi det skal formidle viktige resultat på ein korrekt måte.
Språket i sportsreportasjar er prega av språklege verkemiddel, som f.eks. rim og rytme og symbol.
Kvifor er latin mykje brukt i ein del yrke?
Fordi latin var rekna som det vanskelegaste språket ein kunne lære i vitskaplege kretsar, og på den måten fekk det høg status.
Fordi latin var det mest presise språket i verda, og dermed det mest eigna til f.eks. faget medisin.
Fordi latin var fellesspråket innan vitskapen i tidlegare tider. Dermed er det etablert eit fagspråk som er presist og som er geografisk uavhengig.
Check answers
Intertekst old
VG 1
Skriftlig
Skriverammer og skrivetips
Sjangre og teksttyper
Muntlig
Argumentasjon og retorikk
Kulturmøter
Språk
Oppsummering av kapitlene i boka + kapittelquizer
Kapittel 1 – «Oppstart»
Kapittel 2 – Spørsmål og oppsummering – «Tekstane rundt oss»
QUIZ! – Kapittel 2 – «Tekstane rundt oss»
Kapittel 3 – Spørsmål og oppsummering – «Lesing for opplevelse og læring»
Kapittel 4 – Spørsmål og oppsummering – «Skriv!»
QUIZ! – Kapittel 4 – «Skriv!»
Kapittel 5 – Spørsmål og oppsummering – «Munnleg kommunikasjon»
QUIZ! – Kapittel 5 – «Munnleg kommunikasjon»
Kapittel 6 – Spørsmål og oppsummering – «Verkemiddel i tekst»
QUIZ! – Kapittel 6 – «Verkemiddel i tekst»
Kapittel 7 – Spørsmål og oppsummering – «Å analysere og tolke tekster»
QUIZ! – Kapittel 7 – «Å analysere og tolke tekster»
Kapittel 8 – Spørsmål og oppsummering – «Språk i kontakt»
QUIZ! – Kapittel 8 – «Språk i kontakt»
Kapittel 9 – Spørsmål og oppsummering – «Kulturmøter i samtidstekster»
QUIZ! – Kapittel 9 – «Kulturmøter i samtidstekster»
VG 2
Skriftlig
Modelltekster og elevtekster (tilbakemeldinger på lærersida)
Skriverammer og skrivetips
Sjangre og teksttyper
Muntlig
Retorikk og argumentasjon
Litteratur og verdier
Folkedikting
Middelalder – 500–1500
Renessanse og barokk – 1500–1600
Opplysningstid – 1700-tallet
Romantikk og nasjonalromantikk – 1800–1850
Språk- og kulturhistorie
Norrønt og moderne norsk
Førestillingar om det norske
Medium og sakprosa
Norsk språkhistorie
Oppsummering av kapitlene i boka
VG 3
Skriftlig
Elevtekster og modelltekster
Skriverammer og skrivetips
Sjanger og teksttyper
Fordypningsoppgaven
Oppgaver
Muntlig
Retorikk og argumentasjon
Litteraturhistorie
Poetisk realisme, realisme og naturalisme 1850–1890
Tidlig modernisme og nyromantikk 1890-årene
Nyrealisme / etisk realisme – 1905–1940
Tradisjonalisme på 1900-tallet
Postmodernisme og nyere litteratur – 1980–idag
Sakprosa frå 1850 til i dag
Språk- og kulturhistorie
Språkhistorie på 1900-tallet
Talemål
Dei nordiske språka
Samisk språk og kultur
Oppsummering av kapitlene
Grammatikk på nynorsk og bokmål
Nynorsk – drilloppgaver
Verb
Substantiv
Adjektiv
Genitiv
Adverb
Pronomen og determinativ
Spørjeord
An-be-het-else
Setningsbygging
Omsetjing frå bokmål til nynorsk
Nynorsk – grammatikk
Bokmål – grammatikk
Skriveregler og tegnsetting
Skriveregler
Tegnsetting
Presist språk
Lærerressurs Vg1
Undervisningsopplegg
Skriftlig
Sjangerarbeid
Muntlig
Retorikk og argumentasjon
Nynorsk
Skjemaer og maler
PowerPointer til kapitlene
Fasiter til oppsummeringsspørsmålene
Tekstbank
Skjønnlitterære tekster
Sakprosatekster
Digitale tekster
Årsplaner og læreplan
Årsplaner
Læreplaner
Rettelser til boka
Kontakt oss
Lærerressurs Vg2
Undervisningsopplegg
Skriftlig
Sjangerarbeid
Muntlig
Retorikk og argumentasjon
Nynorsk
Skjemaer og maler
PowerPointer til kapitlene
Fasiter til oppsummeringsspørsmålene
Tekstbank
Skjønnlitterære tekster
Sakprosatekster
Digitale tekster
Film, musikkvideo
Læreplaner og årsplaner
Rettelser til boka
Kontakt oss
Lærerressurs Vg3
Undervisningsopplegg
Skriftlig
Nynorsk
Sjangerarbeid
Retorikk og argumentasjon
Sakprosa
Skjemaer og maler
PowerPointer til kapitlene
Fasiter til oppsummeringsspørsmålene
Læreplaner og årsplaner
Kontakt oss
resources
fonts
graphics
stylesheet and templates
thumbnails
Login
Username:
Password:
Log in
Forgotten password?
Log in using e-portal
daafa799-a423-4606-a07f-349cd6dd5f6e