Kompetansemål:
Arbeid med munnlege ferdigheiter er sentralt i norskfaget, både det å lytte og det å tale. I dette kapittelet får elevane ei innføring i munnleg kommunikasjon og i og utanfor klasserommet, og i grunnleggjande retoriske omgrep.
Ein kan bruke kapittelet gjennom heile året. Her får ein trent på dei små og dei store munnlege situasjonene, som den gode samtalen og diskusjonen, eller den formelle debatten, presentasjonen og talen. Gjennom eit klart fokus på ulike munnlege roller skal kapittelet hjelpe eleven til å bli bevisst på korleis munnleg kommunikasjon følgjer visse strukturar og reglar.
Eleven vil få mange konkrete tips om struktur og oppbygging av munnlege sjangrar, praktiske tips for å bli ein betre lytter og taler, og ein konkret gjennomgang av virkemiddel ein kan bruke i ulike muntlige situasjonar.