2. Tekstane rundt oss

PowerPointer til kapitlene

2. Tekstane rundt oss

Kompetansemål:

  • bruke norskfaglige kunnskaper og begreper i samtaler om tekst og språk
  • lese et representativt utvalg samtidstekster, skjønnlitteratur og sakprosa, på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samisk, og reflektere over innhold, form og formål
  • tolke og vurdere sammenhengen mellom innhold, form og formål i sammensatte tekster

 Arbeidet med norsk på vg1 må gjennom ei brei tekstforståing legge grunnlaget for å arbeide vidare med tekstar på vg2 og vg3, også i andre fag enn norsk. Dette kapittelet handlar difor om korleis ein kan definere tekst, og kva for ulike tekstar vi omgir oss med.

Kapittelet og boka tek utgangspunkt i det utvida tekstomgrepet, i tråd med rådande tekstteori, og definerer tekst som “eit sett av teikn som formidlar noko”. I vårt multimediale informasjonssamfunn er det viktig at elevane lærer at tekst ikkje berre er skriftlege tekstar, slik at dei kan møte ulike medieuttrykk med eit fagleg medvit og eit omgrepsapparat som hjelper dei til å snakke om tekst.

Difor legg vi også vekt på ulike måtar å dele inn tekstar på, både når det gjeld form og funksjon. Særleg grunnleggande meiner vi det er å forstå den funksjonen ein tekst har. Vi bruker omgrepet tekstfunksjonar i staden for språkfunksjonar, ettersom dette korresponderer betre med det utvida tekstomgrepet.

Vidare bruker vi omgrepet teksttype, som beskriv ulike måtar å bruke språket på ut frå den funksjonen ein vil oppnå. Dette skaper ein link mellom tekstfunksjonane og sjangrane, som på si side beskriv forma på teksten. Med desse omgrepa meiner vi at elevane både skal kunne forstå tekstar godt, og sjølve også kunne produsere tekstar med mål og meining.

Her kan du laste ned

Spinner

Login