6. Verkemiddel i tekst

PowerPointer til kapitlene:

6. Verkemiddel i tekst

Kompetansemål:

  • gjøre rede for et bredt register av språklige virkemidler og forklare hvilken funksjon de har
  • skrive kreative tekster på hovedmål og sidemål ved bruk av ulike språklige virkemidler
  • skrive tekster med tema og fagterminologi som er tilpasset eget utdanningsprogram etter mønster fra ulike eksempletekster
  • lese et representativt utvalg samtidstekster, skjønnlitteratur og sakprosa, på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samisk, og reflektere over innhold, form og formål

I dette læreverket har vi lagt vekt på at elevane skal få ei grundig tekstforståing. Eit eige kapittel om verkemiddelbruk i tekstar er ein konsekvens av denne tenkinga. Slik meiner vi at elevane får fleire verktøy å bruke både for å forstå tekst og produsere eigne tekstar. Kapittelet har difor dette doble fokuset, og verkemidla blir presentert som viktige både i analysearbeid og i produksjon av eigen tekst.

Kapittelet presenterer fleire verkemiddel enn tropane og figurane som vi kjenner frå retorikken. Vi skriv her om både oppbygging av tekst, om bøyingsformer og syntaks, i tillegg til det ein i ei smalare tyding av omgrepet vil kalle for språklege verkemiddel. Vi meiner at komposisjon og grammatikk for elevane framstår som verkemiddel på lik line med f.eks. parablar og metaforar, og at dei slik sett bør presenterast i samanheng. Vi legg også vekt på at dei ulike verkemidla kan brukast i ulike medie og i ulike sjangrar.

Til grunn for framstillinga ligg også eit grunnpremiss om at det er teksten sin funksjon som styrer bruken av verkemiddel. Det er viktig at eleven fokuserer på effekten av verkemidla, og ikkje på å pugge verkemiddel som eit mål i seg sjølv. Difor har vi også valt å framstille dei språklege verkemidla etter kva for effekt dei har. Vi deler inn i verkemiddel som gir teksten språkleg eleganse, verkemiddel som forsterkar bodskapen og verkemiddel som viser ut over teksten sjølv.

Kapittelet kan sjølvsagt lesast i samanheng, men vil også fungere som eit «oppslagsverk» for elevane. Viktig er det i alle fall å knyte teorien i kapittelet nært opp til lesing av tekstar, noko oppgåvene undervegs også legg opp til.

Her kan du laste ned

Spinner

Login