Kapittel 12 – Språkhistoria frå 1900 til i dag

Klikk her for å laste ned fasiten.


Fasiter til oppsummeringsspørsmålene

Kapittel 12 – Språkhistoria frå 1900 til i dag

1. Kva for politiske straumar er det som pregar første del av 1900-talet? Kvifor vinn nynorsken så mange nye brukarar tidleg på 1900-talet

Det politiske landskapet er prega av tre hovudaktørar med kvar sine standpunkt i språksaka.
Høgre er borgarskapet og dei konservative sitt parti. Dei har den største veljargruppa si i byane, der «den dannede dagligtale» er idealet. Høgre er difor garantist for riksmålet (seinare bokmålet)
Venstre sine veljarar høyrde heime på bygdene og i liberale bymiljø. Dei gjekk inn for landsmålet, men etter kvart vart dei også for samnorsktanken.
Arbeidarpartiet er det nye partiet på arenaen. Veljarane deira er den veksande arbeidarklassen. Når partiet etter kvart engasjerer seg i språksaka, går dei inn for samnorsken. Gjennom «folkemålet» meinte ein at arbeidarklassen skulle vinne fram både kulturelt og økonomisk.
Årsaka til at nynorsken vann fram på starten av hundreåret, var dei nasjonale straumane som voks fram med opphevinga av unionen med Sverige. I tillegg kom det fleire språkreformer på denne tida, noko som gjorde at skulane måtte skifte ut skulebøkene. Då vart det enklare å skifte til landsmål.

2. Kva for faktorar kan forklare tilbakegangen for nynorsken?

Med framveksten av velferdsstaten var det andre oppgåver i samfunnet som var viktigare enn språksaka. Arbeidarpartiet sat med makta, og dei vektla dei store utbyggingsprosjekta, som framveksten av eit helsevesen, vegbygging osv. Språkspørsmålet var også eit omstridd tema i Arbeidarpartiet, medan samfunnsbygginga var samlande. Difor vart språkspørsmålet nedtona til fordel for andre spørsmål.
Den andre verdskrigen spelte også ei rolle for nynorsken. Ordet «nasjonal» var før krigen eintydig positivt, og gjerne knytt til nynorsken og tradisjonelle verdiar. Nazistane øydela ordet «nasjonal», det hadde no andre konnotasjonar enn tidlegare. Kampen mot nazistane hadde også vist at språkspørsmålet ikkje var avgjerande for om ein var ein «god nordmann» eller ikkje.
Etter krigen har det skjedd ei stor fråflytting frå bygdene og inn mot byane. Dermed vart mange nynorske skulekrinsar nedlagde, og dei nye skulane har blitt bygde i bokmålsområde. For nynorsken klarte ikkje å bli eit urbant språk. I møtet med byborgarane vart til dei tilflyttande nynorskbrukarane i dei fleste tilfelle til bokmålsbrukarar.

3. Noter viktige fakta om nynorskbruk i dag.

Grafen på s. 274 i boka viser at det i 2008 var 26 % nynorskkommunar i Noreg. 13 % av elevane i grunnskulen hadde nynorsk som sitt hovudmål. 30 % av kyrkjesokna i landet hadde nynorsk som sitt språk.

4. I dette kapittelet bruker vi som eksempel at soli og solen skal bli til sola. Forklar med dine eigne ord korleis eksempelet kan nyttast til å illustrere samnorsktanken.

Soli var den einerådande forma i landsmålet fram til 1917-reforma. Riksmålet tillet berre forma solen. Forma sola meinte ein kunne bli eit kompromiss for dei to skriftspråka, sidan det var ei grammatisk form som var utbreidd i talemåla både i nynorsk- og i bokmålsområde. Di fleire felles former ein kunne få til, di enklare ville det bli å gjere dei to skriftspråka til eitt felles språk som fekk namnet samnorsk.

5. Kvifor vann samnorsktanken fram tidleg på 1900-talet? Kven var for og kven var mot samnorsken?

Alle dei politiske partia såg problem med å ha to språk i landet, men dei hadde ulike løysingar på problemet. Arbeidarpartiet, Venstre og Bondepartiet såg eit felles skriftspråk som den beste løysinga i framtida, og dei utforma difor ein språkpolitikk som skulle fremje framveksten av felles språklege former i bokmål og nynorsk. Høgre var mot denne politikken, dei ynskte primært bokmål (riksmål) som skriftspråk i landet.
For Arbeidarpartiet var det viktig å heve statusen på arbeidarane sitt språk, det såkalla «folkemålet». Folkeopplysning på arbeidaren sitt eige språk ville gjere det enklare for arbeidarane å nå fram til både danning og makt. Venstre argumenterte ut frå eit anna syn, nemleg den såkalla tonasjonslæra. Partiet meinte at vi måtte ta vare på både den danske kulturen og den norske kulturen. Kulturpåverknaden frå Danmark hadde vi hatt i 400 år, og denne kulturen var meir utvikla og sofistikert enn den norske. Den norske kulturen på si side var autentisk norsk og ekte. Samnorsken var eit forsøk på å smelte saman desse to ulike kulturane.

6. Kva var hovudtrekka i 1917-reforma? Korleis var reaksjonane?

Ideen med reforma i 1917 var å starte prosessen mot eit felles språk. Ein gjorde difor fleire endringar som var valfrie. Gjennom valfridom ville ein la folk venje seg til radikale former både i nynorsk og i bokmål. På sikt ville folk sjølve velje å ta dei i bruk, tenkte ein. Difor vart sola og bygda valfrie former både i landsmål og riksmål. Ord som stein og graut vart gjort valfrie i riksmålet.
Denne reforma hadde også nokre obligatoriske endringar. Dei obligatoriske endringane var ikkje så provoserande, folk flest meinte at dei tok skriftspråka i rett retning.

Obligatorisk riksmål:
  • Innføring av dobbel konsonant i slutten av ord: null
  • Bortfall av d i slutten av ord: mandmann
  • Innføring av harde konsonantar: madmat
Obligatorisk Landsmål:
  • Bortfall av d: lidli

7. Set opp di eiga oversikt over dei viktigaste endringane i 1938-reforma.

Fjelli, dyri
Fjellene, dyrene
→ dyra, fjella
Soli, bygdi, boki
Solen, bygden, boken
→ sola, bygda, boka

Landsmål:
Visor → viser

Riksmål:
Mig, dig, sig → meg, deg, seg
Ben, løv, snø, efter, sprog → bein, lauv, snø, etter, språk


8. Kva var reaksjonane på 1938-reforma? Kvifor kom dei så seint?

Reaksjonane mot reforma var voldsomme, men dei kor fyrst på 50-talet. Den andre verdskrigen sette ein stoppar for språkdebatten, for andre spørsmål var trass i alt viktigare. I tillegg innførte den nasjonalsosialistiske regjeringa ei eiga rettskriving, men den fekk ikkje stor påverknad.
Reaksjonane frå riksmåls-/bokmålssida var størst. Arnulf Øverland var den tydelegaste stemma i debatten, og han reagerte sterkt på alle dei obligatoriske a-endingane og ord som språk, etter og snø. Særleg sterk var motstanden i Oslo, der skulestyret hadde vedteke at skulebøkene skulle ha berre radikale former. Foreldrene organserte seg og korrigerte språket i skulebøkene. Motstanden blant nynorskbrukarar var mindre, men også der var det mange som meinte at nynorsken misste identiteten sin når avstanden til bokmålet vart mindre.

9. Når døydde eigentleg samnorsktanken? Gjer greie for denne prosessen.

Allereie i 1959 fekk vi ei ny rettskriving, som justerte ein del av dei mest ytterleggåande endringane i 1938-reforma. Dette var starten på slutten for samnorsktanken. I 1972 vart Norsk Språkråd oppretta, og formålsparagrafen slo fast at det ikkje skulle drive med aktiv tilnærming mellom språka, men heller støtte opp om tendensar som kunne leie til tilnærming. I 1980 vart bokmålet igjen normert, og mange av formene frå 1917 kom inn att i bokmålet. Formelt sett vara samnorsktanken fram til 2002, med opprettinga av Språkrådet. Språkrådet si oppgåve er ikkje å normere nynorsk og bokmål i retning av kvarandre, men å styrke norsk språk.

10. Korleis påverkar engelsk det norske språket i dag?

Engelsk påverkar norsk språk svært mykje, og særleg innanfor teknologien, akademia og populærkulturen. Her kan vi snakke om domenetap for norsk. Det er vanskeleg å finne gode avløysarord før det engelske ordet er blitt vanleg i bruk.
Ein del engelske ord påverkar også måten vi formuelerer setningar på, ettersom vi låner heile fraser frå engelsk. Eit eksempel er uttrykket «det suger» (it sucks). Verbet suge kan eigentleg ikkje stå åleine utan eit adverbial. Vi ser også at enkelte engelske lånord beheld den engelske uttalen i dag, noko som ikkje var vanleg før. Orda streik og tøff har fått ein fornorska uttale, medan ord som nice og scary beheld den engelske.

Her kan du laste ned

Spinner

Login