Aasmund Olavsson Vinje – Ferdaminni – oppgaver og teksten

Sakprosa

Aasmund Olavsson Vinje: «Ferdaminni fraa Sumaren 1860» – oppgaver

Opplegget høyrer saman med delen «Aasmund Olavsson Vinje: journalisten» på s. 252 i Intertekst Vg3.

vg3_Aasmund Olavsson Vinje.jpg Wikimedia Commons

Aasmund Olavsson Vinje
Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870) var journalist og forfattar og ein av dei første som skreiv på landsmål. Han gav ut vekebladet Dølen, der han skreiv viktige innlegg i samfunnsdebattane.

I 1861 gav Vinje ut Ferdaminni fraa Sumaren 1860, som fortel om ei reise han gjorde frå Christiania til Trondhjem for å sjå på kongekroninga der. Utdraget her er innleiinga til denne reiseskildringa.


«Ferdaminni fraa Sumaren 1860» (1861)

Førlesing

Kva meinest med utviklingsoptimisme?

Arbeidsoppgåver

  1. Kva for språklege verkemiddel finn du brukt i dette utdraget?
  2. I kva grad vil du seie at denne teksten er farga av utviklingsoptimisme? Grunngje svaret ditt.
  3. Ta utgangspunkt i Vinjes påstand om at fridom er til lite glede (nytte) i fattigdom, og skriv eit essay med overskrifta «Fridom og fattigdom».
  4. I teksten ser Vinje for seg ei lys framtid der menneska har lagt under seg naturkreftene og kan leve som oppsynsmenn, utan hardt arbeid. Lag eit kort refleksjonsnotat om kvifor det ikkje har gått slik Vinje spådde. Drøft så dette temaet i klassa / gruppa.

Spinner

Login