© Peter Knopp/Aftonbladet/All Over Press
Teksten står på s. 381 i Signatur 3 tekstsamling.
Ei typisk eksamensoppgåve knytt til ein tekst kan vere:
«Analyser teksten. Bruk omgrep frå retorikken. Kommenter til slutt nokre av synspunkta i teksten.»
Sjå Signatur 3 studiebok frå s. 32 og utover for tips. I denne oppgåva får du litt starthjelp.
Presenterer teksten og temaet som Shabana Rehman tek opp. Kommenterer kort i kva samanheng teksten blei skrive.
Formuler hovudsynet i teksten (med eigne ord). Bruk maks tre linjer.
Forklar i kva samanheng teksten blei skrive og kvifor du trur han blei publisert på det tidspunktet han blei.
Finn døme i teksten på logisk argumentasjon eller presentasjon av fakta. Forklar kva Rehman oppnår med å bruke argumentasjon som appellerer til fornufta vår.
Finn verkemiddel i teksten som appellerer til kjenslene (stikkord: overdrivingar, generalisering). Forklar kva funksjon dei har for å få fram hovudsynet i teksten.
Gjer ei vurdering av korleis Shabana Rehman framstår som skribent i teksten. Har du tillit til henne? Peik i tilfelle på kva det er som heilt konkret er med på å styrke etos.
Drøft og vurder eit par av synspunkta som kjem fram i teksten. Du må grunngi påstandane dine godt.
Ei eventuell oppsummering av analysen, eller eit godt sluttpoeng på drøftinga. Sluttpoenget kan enten peike bakover mot noko av det du har sagt eller framover mot ei eventuell løysing på eit problem.