Den 1. august 2012 vart det innført ei ny rettskriving av nynorsk. Målet med den nye rettskrivinga er
Svært mange nynorskbrukarar vil merke lite til endringane i rettskrivinga, men mange vil måtte endre skrivemåten på nokre enkeltord. For å lykkast med nynorsk, må ordboka di ikkje vera eldre enn frå 2012.
I denne framstillinga vel vi å forenkle grammatikken, vi konsentrerer oss om hovudreglane. Det betyr at det kan finnast andre tilletne bøyingar enn dei du finn her. Bøyingar og fenomen som er felles for nynorsk og bokmål, er mindre beskrive i denne framstillinga.
I ein del tilfelle er det forskjellar i setningsoppbygginga mellom nynorsk og bokmål. Her får du ein oversikt over grammatiske fenomen der ein i bokmål kan velje andre måtar å forme setningane på enn ein kan i nynorsk. Men det er verd å merke se at alle desse formuleringane er like korrekte på bokmål som på nynorsk, og ofte vil ein få ei betre språkføring også på bokmål om ein vel å bygge setninga på same måte som i nynorsk.
På nynorsk brukar ein alltid dobbel bestemming, medan ein på bokmål kan velje enkel bestemming. Det betyr at ein på nynorsk brukar den bestemde forma av substantivet også når det står eit determinativ framfor:
nynorsk | bokmål |
dei siste dagane | de siste dager (pil her mellom dei/ de og omgrepet determinativ) |
denne saka | denne sak |
På nynorsk set ein eigedomsorda etter substantivet, medan ein på bokmål kan velje å setje det framføre substantivet:
nynorsk | bokmål |
huset vårt | vårt hus |
mannen min | min mann |
Legg merke til at vi også her brukar den bestemte forma av substantivet i nynorsk.
I nynorsk lagar ein passiv ved å kombinere hjelpeverbet bli eller verte med perfektum partisipp av verbet:
nynorsk | bokmål |
Hendinga blir (vert) etterforska av politiet. | Hendelsen etterforskes av politiet. |
Dersom setninga inneheld eit modalt hjelpeverb (kan, vil, skal, må, bør), brukar ein st-forma av verbet:
Hendinga skal etterforskast av politiet.
Genitiv kan uttrykkjast på fleire måtar i nynorsk. Felles er at ein unngår -s-genitiv.
Ein kan bruke preposisjonsuttrykk: | |
nynorsk | bokmål |
hekken til naboen | naboens hekk |
brevet frå departementet | departementets brev |
folket i bygda | bygdas folk |
Ein kan bruke samansetningar: | |
klubblokala | klubbens lokaler |
gruppedynamikken | gruppens dynamikk |
Ein kan bruke ei leddsetning: | |
det arbeidet (som) skulen gjer | skolens arbeid |
Ein kan også bruke sin-genitiv: | |
Jentene sine klede | Jentenes klær |
Her skal ein vere forsiktig. Begrens det til uttrykk som omhandlar personar og eigarforhold. Vurder gjerne andre måtar fyrst.
Det finst også unntak då ein kan bruke s-genitiv:
særnamn: Noregs Mållag / Olavs menn
tid/mål/vekt: ein times tid
faste uttrykk: dagens rett, i manns minne
substantiv i ubestemt form: kvinners kamp for friheit
Vi har mange eksempel på verb som er sett saman av to ledd, som i verba undersøkje, oppleve. Desse to verba er fast samansette, det vil seia at dei alltid blir skrivne saman og ikkje delt opp. Men det finst laust samansette verb som i nynorsk skal delast opp, medan dei same verba på bokmål kan skrivast i eitt:
nynorsk: | bokmål: |
Det går fram av samanehengen. | Det fremgår av sammenhengen. |
Forlaget gir ut mange bøker. | Forlaget utgir mange bøker. |
Ho tok på seg oppgåva. | Hun påtok seg oppgaven. |
Han kjende att tjuven. | Han gjenkjente tyven. |
I ordlista: når du lurer på skrivemåten eller bøyingsforma til eit substantiv, må du slå opp på grunnforma. Heiter det månader eller månadar i fleirtal? Då må du slå opp på grunnforma, som er den forma du kan setja ein, ei eller eit framfor, i dette tilfellet månad. I ordlista finn du denne informasjonen. Merk at nokon ordlister berre oppgjev bøyingsendingane:
ubestemt form eintal | bestemt f. eintal | ubestemt f. fleirtall | besemt f. fleirtal |
ein månad - | månaden - | månader/-ar - | månadene/-ane |
ein gut - | guten - | gutar - | gutane |
ein låve | låven | låvar | låvane |
Alle hankjønnsord har endinga -en i bestemt form eintal. Etter rettskrivinga av 2012 kan alle hankjønnsord ha endinga -ar og -ane i fleirtal.
Unntak:
nokre hankjønnsord har omlyd, fleire av desse har endinga -er og -ene:
ein bonde | bonden | bønder | bøndene |
ein fot - | foten | føter | føtene |
ein mann | mannen | menn | mennene |
ein nagl | naglen | negler | neglene |
ein son | sonen | søner | sønene |
ein bror | broren | brør | brørne |
ein far | faren | fedrar | fedrane |
ein sko | skoen | skor | skorne |
eller | sko | skoa |
Nokre ord som endar på -el, -en, -er får samandraging i fleirtal
ein himmel | himmelen | himlar | himlane |
ein vinter | vinteren | vintrar | vintrane |
For den avanserte:
Dei følgjande hankjønnsorda kan også ha endinga -er, -ene:
ei jente | jenta | jenter | jentene |
ei dør | døra | dører | dørene |
Alle hokjønnsord har endinga -a i bestemt for eintal. Etter rettskrivinga av 2012 kan nesten alle hokjønnsord også ha endingane -er og -ene i fleirtal.
Unntak:
hokjønnsord som endar på -ing skal framleis ha endinga -ar og -ane i fleirtal:
Merk også:
Nokre hokjønnsord har omlyd. Dette gjeld i stor grad dei same orda som i bokmål:
ei dotter | dottera | døtrer | døtrene |
ei syster | systera | systrer | systrene |
Nokre ord får samandraging også i eintal:
ei frøken - | frøkna | frøkner | frøknene |
For den avanserte
Nokre ord kan framleis ha valfri form på -ar, -ane, dette er dei oftast brukte orda: elv, helg, myr, møy, reim, vik, ørn, øy.
Andre endringar etter 2012
eit hus - | huset | hus | husa |
eit møte | møtet | møte | møta |
Alle inkjekjønnsord har endinga -et i bestemt form eintal. I ubestemt form fleirtal er det inga ending, og i bestemt form fleirtal er endinga -a. Det er viktig å hugse at inkjekjønnsord som i grunnforma endar på -e (eit møte, eit menneske), ikkje har ending i ubestemt form fleirtal (fleire møte, fleire menneske).
Merk elles:
samandraging i bestemt form fleirtal av Inkjekjønnsord som endar på trykklett -el:
eit middel - | middelet | middel | midla |
Endringar etter rettskrivinga av 2012
For den avanserte:
Desse orda kan i tillegg ha endinga -a i ubestemt form eintal, og på -o i fleirtal:
eit auge / auga | auget | fleire augo | alle augo |
eit hjarte / hjarta | hjartet | fleire hjarto | alle hjarto |
eit øyre / øyra | øyret | fleire øyro | alle øyro |
Ordet barn kan i fleirtal ha omlyd:
eit barn | barnet | fleire barn / born | alle barna / borna |
I ordlista: Når du lurer på skrivemåten eller bøyingsforma til eit verb, må du slå opp i ordlista på grunnforma til verbet, dvs. infinitiven. Heiter det braut eller brøyt i preteritum? Det finn du ut ved å slå opp på ordet bryte. I ordlista vil du finne denne informasjonen. Merk at nokon ordlister berre oppgjev bøyingsendingane/ vokalendringane:
infinitiv | presens | preteritum | perfektum partisipp |
å bryte - | bryt | braut | (har) brote |
Dei aller fleste verb er svake. Det finst fire ulike klassar av svake verb:
å danse | dansar | dansa | har dansa |
å hoppe | hoppar | hoppa | har hoppa |
A-verb har altså bøying med -a i alle former. Dei fleste svake verb er a-verb. Dersom du veit at preteritumsforma endar på -a, skal presensforma også ha -ar.
å begynne | begynner | begynte | har begynt |
å studere | studerer | studerte | har studert |
å arbeide | arbeider | arbeidd | har arbeidd |
å bygge | bygger | bygde | har bygt |
E-verb har altså -er i presens, -te/-de preteritum og -t/-d i perfektum partisipp. Dersom du veit at verbet har -te/-de preteritum, skal det altså ha -er i presens.
Ein hugseregel er altså at dei verba som kan ha -a (eller -et) i preteritum på bokmål, er a-verb på nynorsk (dansa/danset).
For den avanserte:
Enkelte verb kan vera både a-verb og e-verb. Desse verba kan ein velje om ein vil bøye som a-verb eller som e-verb. Ein kan også velje å blande bøyinga, som i dette eksempelet:
å bruke | brukar | brukte | har brukt |
stamme/rot | presens | preteritum |
å arbeid| e | arbeider | arbeidde |
å bygg| e | bygger | bygde |
å lev| e | lever | levde |
å køyre | køyrer | køyrde |
E-verb som sluttar på ein av konsonantane i ordet FLASKEPOSTAR skal ha -te:
kjøpte, lærte, likte, este, spolte
Å seie – har sagt
å legge – har lagt
å ha – har hatt
å ta – har tatt
å la – har latt
å kjenne – har kjent
å telje | tel | talde | har telt |
å spørje | spør | spurde | har spurt |
å setja | set | sette | har sett |
Desse verba har inga ending i presens. I preteritum har dei aller fleste verba –de. Dei som sluttar på ustemt konsonant (k, p, s, t) skal ha -te i preteritum. Hugs på at j-verba er ei lita gruppe verb.
å tru | trur | trudde | har trudd |
å nå | når | nådde | har nådd |
Desse verba kan ha anten -dde eller -tte i preteritum, og -dd eller -tt i perfektum partisipp. Stammen av desse verba sluttar på vokal, og difor blir konsonanten i endinga dobbel.
Sterke verb blir bøygde på ein annan måte enn dei svake: dei har inga ending i presens og preteritum. Dei «bøyer seg sjølv» utan hjelp av endingar. Bøyinga består difor av vokalendringar i rota av verbet. Denne vokalendringa kan koma i presens, preteritum eller perfektum, eller i alle tre tidene:
å lese - | les - | las - | har lese |
å sove - | søv - | sov - | har sove |
å brenne | brenn | brann | har brunne |
Vokalvekslingane følgjer visse mønster, men desse kan vera vanskelege å sjå for eit utrena auge. Dei fleste dialektbrukarar vil kunne bruke former frå sitt eige talemål, men dette er ingen vasstett regel. Det beste er difor å lære seg bøyinga av dei viktigaste verba, akkurat slik ein gjer i framandspråksundervisninga i engelsk og tysk.
I perfektum partisipp av desse verba finn vi ei ending: -e.
Etter rettskrivinga av 2012 er -e den einaste tilletne forma (tidlegare var også -i mulig ending i perfektum partisipp, f.eks. lesi). Før 2012 var også endinga -er tilleten i presens (søver).
Nokre verb endar på -st i alle former. Desse kan vera sterke eller svake. Her er ei liste over nokre vanlege verb:
Sterk bøying, dvs. med vokalveksling: | |||
å finnast - | finst - | fanst | har funnest |
å trengast | trengst | trongst | har trungest |
å trivast | trivst | treivst | har trivest |
Svak bøying, dvs. får ein -d eller -t inn i endinga: | |||
å høyrast | høyrest | høyrdest | har høyrst |
å kjennast | kjennest | kjendest | har kjendest |
å minnast | minnest | mintest | har minst |
å møtast | møtest | møttest | har møtst |
å spørjast | spørst | spurdest | har spurst |
å synast | synest | syntest | har synst |
Endring etter rettskrivinga av 2012
Tidlegare kunne desse formene også skrivast med berre -s. Det er ikkje tillete i den nye norma.
Nokre gonger bruker vi verbformer som adjektiv, altså for å beskrive eit substantiv:
Boka er komen.
Opphavet til denne forma er verbet å kome, som i perfektum partisipp heiter (har) kome. Ved hjelp av hjelpeverbet å vera (er) får ein fram den adjektiviske forma av verbet. Denne forma må bøyast når vi brukar ho som adjektiv. Ordet bok er hokjønn, og difor har vi endinga -n: komen.
Samsvarsbøying har vi etter verba vere, verte, bli.
Verbforma, som i dette tilfellet oppfører seg som eit adjektiv, skal bøyast etter kva for kjønn og tal substantivet har:
Hankjønn: | Drosjen er komen. |
Hokjønn: | Boka er komen. |
Inkjekjønn: | Flyttelasset er kome. (inkjekjønnsforma er lik perfektum partisippforma) |
Fleirtal: | Dei er komne. |
Sterke verb blir bøygde med desse endingane. Når verbet er sterkt, er det obligatorisk med samsvarsbøying.
Når verbet er svakt, kan ein velje sjølv om ein vil bruke samsvarsbøying eller ikkje:
Uten samsvarsbøying | Med samsvarsbøying | |
Hankjønn | Problematikken er kjent. | Problematikken er kjend. |
Hokjønn | Saka er kjent. | Saka er kjend. |
Inkjekjønn | Resultatet er kjent. | Resultatet er kjent. |
Fleirtal | Problema er kjent. | Problema er kjende. |
For den avanserte:
Dersom du vel å bruke samsvarsbøying ved svake verb, må du hugse på at dei ulike svake verba blir bøygde avhengig av kva for form dei har i preteritum. Slå difor opp preteritumsforma om du er i tvil:
Kjønn | Preteritum på -de (dømde) | Preteritum på -te (reparerte) | Preteritum på -dde (kledde) | Preteritum på -a (kasta) | |||||
Hankjønn | han blir dømd | bilen er reparert | Guten blir kledd | Ballen er kasta | |||||
Hokjønn | ho blir dømd | boka er reparert | Jenta blir kledd | Boka er kasta | |||||
Inkjekjønn | det blir dømt | taket er repartert | Huset blir kledd (med sibirsk lerk) | Loddet er kasta | Fleirtal | dei blir dømde | bilane er reparerte | Studentane blir kledde (i kappe) | Ballane er kasta |
Eit adjektiv beskriv eit substantiv, og difor skal det også ha bøying i samsvar med kjønn, tal og form på substantivet:
hankjønn | hokjønn | inkjekjønn | fleirtal |
Ubunden form: | |||
ein klok mann | den kloke kona | det kloke hovudet | fleire kloke hovud |
Bunden form: | |||
den kloke mannen | den kloke kona | det kloke hovudet | alle dei kloke hovuda |
Adjektiv som endar på -en følgjer det same mønsteret, dette er nytt etter rettskrivinga av 2012:
ein open munn - | ei open dør | eit opent vindauge | fleire opne vindauge |
Unntak: | |||
ein liten gut | ei lita jente | eit lite hovud | fleire små barn |
min eigen son | mi eiga dotter | mitt eige hus | mine eigne barn |
Merk:
Adjektiv som endar på diftong, vokal eller vokal + -t, får -tt i inkjekjønn: eit greitt svar, eit blått hav, eit kvitt tørkle.
Endringar etter rettskrivinga av 2012
Dei fleste adjektiv blir gradbøygde med formene -are, og -ast: | ||
positiv | komparativ | superlativ |
flink - | flinkare | flinkast |
farleg | farlegare | farlegast |
Nokre blir bøygde med meir og mest: | ||
kjend | meir kjend | mest kjend |
imponerande | meir imponerande | mest imponerande |
Nokre adjektiv har uregelrett bøying, slik som i bokmål: | ||
få | færre | færrast |
vond | verre | verst |
mykje | meir | mest |
mange | fleire | flest |
Adverb blir gradbøygde som adjektiva, men nokre adverb har samandregne former: | ||
bak | bakre | bakarst |
hit | hitre | hitast |
inn(e) | indre | inst |
ut | ytre | ytst |
Person/tal | Subjektsform | Objektsform | Eigedomspronomen (determinativ) |
hankjønn hokjønn inkjekjønn fleirtal |
|||
1. person eintal | eg | eg | min mi mitt mine |
2. person eintal | du | du | din di ditt dine |
3. person eintal | han | han | hans hans hans hans |
ho | ho/henne | hennar hennar hennar hennar |
|
det | det | sin si sitt sine |
|
1. person fleirtal | vi/me | oss | vår vår vårt våre |
2. person fleirtal | 1) de 2) dokker |
1) dykk 2) dokker |
1) dykkar dykkar dykkar dykkar 2) dokkar dokkar dokkar dokkar |
3. person fleirtal | dei | dei | deira deira deira deira |
Personlege pronomen blir brukt for å omtale personar, eller som erstatning for substantivet:
Hankjønn: Bilen min er stilig. Han er produsert i 2012.
Hokjønn: Inngangsdøra mi knirkar. Ho må smørjast.
Inkjekjønn: Huset er nytt. Det er eit typisk funkishus.
Dersom ein vil framheve ordet, brukar ein heller forma den/ det (som høyrer til determinativa):
Den er hokjønn og hankjønn, det er inkjekjønn:
Endringar med rettskrivinga av 2012
(sjå tabellen over)
På nynorsk er regelen at eigedomsordet skal stå etter substantivet i setninga:
Det er huset mitt.
Det vanskelege spørsmålet hans fekk ikkje noko svar.
Dei blanke syklane våre skein i sola.
De må passe på bøkene dokkar.
Dersom ein vil framheve eigedomsforholdet, kan ein flytte pronomenet fram:
Det er min bil.
Endringar med rettskrivinga av 2012
den | den | det | dei |
denne | denne | dette | desse |
slik | slik | slikt | slike |
same | same | same | same |
Merk:
forma noke finst ikkje i nynorsk.
Hankjønn | Annan: Ein annan dag skal vi dra til byen. |
Hokjønn | Anna: Men det får bli ei anna veke. |
Inkjekjønn | Anna: Eg ynskjer meg eit anna hus. |
Fleirtal | Andre: Eg har prøvd mange andre bilar. |
Hankjønn | Ingen: Ingen bil er betre enn min! |
Hokjønn | Inga: Eg finn inga løysing på dette problemet. |
Inkjekjønn | Inkje: Inkje (ikkje noko) vitnemål kan overbevise meg i den saka. |
Fleirtal | Ingen: Det er ingen manglar ved bilen hennar. |
På bokmål brukar ein man eller en for å betegne ein person. Dette blir brukt når det er uklart kven/kva som er subjeketet, når subjektet ikkje er ein spesiell person, eller når ein ynskjer å skjule subjektet. På nynorsk brukar du forma ein.
Ein meiner at politiet ikkje har gjort nokon feil i saka.
Ein veit ikkje heilt kva ein skal gjera i slik tilfelle.
Korleis skal ein vite kva som er rett?
Ein skal ikkje sjå bort frå at dette blir ein suksess.
Endringar etter rettskrivingsreforma av 2012
Pronomen: | ||||
Kven | Kven er du? | |||
Kva | Kva meiner du? | |||
Adverb: | Kvifor el. korfor | Kvifor/ korfor seier du det? | ||
Korleis skal dette fungere? | ||||
Kor lenge blir du her? | ||||
Kvar bur du? |
Hugs:
der ein i bokmål brukar hvilken, brukar ein i nynorsk kva (for ein/ei/eit):