Foto: © Vaclav Volrab/Dreamstime
Olav H. Hauge er kjend for å skrive konkrete dikt, i eit kvardagsleg språk. Nokre liknar på korte visdomsord som skal få lesaren til å tenkje. Dei har ikkje regelmessig rim eller fast rytme.
I tekstsamlinga (s. 242) kan du lese diktet «Sleggja». Her er to andre dikt frå samlinga Dropar i austavind (1966):
Det er mange skjer i sjøen.
Likevel vart det
eit skjer
som vart frelsa di.
Eg er ein båt
utan vind.
Du var vinden.
Var det den leidi eg skulde?
Kven spør etter leidi
når ein har slik vind?
På side 235 i Signatur 3 tekstsamling finn du diktet «Tale for loffen» av Jan Erik Vold, ein av Profil-forfattarane i 1960-åra. Skriv ein informerande tekst på 250 ord der du forklarer korleis han har laga poesi av det kvardagslege og enkle. Samanlikn diktet med Olav H. Hauges dikt over. Kva slags likskapar og forskjellar finn du?