Dei viktigaste j- verba:
krevje – krev – kravde – kravd selje – sel – selde – selt symje – sym –sumde – sumt telje – tel – talde – talt velje – vel – valde – valt fortelje – fortel – fortalde – fortalt spørje – spør – spurde – spurt skilje – skil – skilde – skilt
Fyll inn rett form av j-verba:
Du kan ikkje (krevje) at eg (fortelje) deg alt.
Lenge (selje) eg varene med tap.
Då eg (telje) opp kassa, var det lite i han.
Kven har (fortalt) deg dette?
Kva er det du (fortelje) meg?
Vil du (selje) meg bilen din? Nei, den (selje) eg aldri.
I fjor (velje) eg å slutte i jobben min.
(spørje) du meg, var det ei klok avgjerd.
Det same året (skilje) eg meg frå mannen min.
Kunne eg (velje), hadde eg gjort det same igjen.
Har du vore i utlandet? Ja, dersom Sverige (telje) som utland.
Ingen hadde (fortelje) meg at livet kunne vere så fint.
Eg (krevje) ikkje så mykje av livet no for tida.
Du må ta eit val: (velje) du å halde fram som før?
Du gløymde å (telje) med alle. Jo, eg (telje) alle saman i stad.