I dansk er det stor skilnad på korleis ord blir uttalte og korleis dei blir skrivne. I filmen tek Johannes for seg nokre særtrekk ved dansk uttale, til dømes forkorting av lydar og støyt. Forkorting av lydar kan vere at endinga blir utelaten (kan blir til ka') eller at lydar inne i orda forsvinn (siger blir til si´r). Dansk er åleine i Norden om å ha såkalla støyt, eit lydfenomen som kan vere vanskeleg både å uttale og høyre.
En film av Snöball Film - Dansk